Helse- og sosialutvalet tilrår at Stryn Frivillegsentral sin aktivitetsklubb i Heimskringla får første pioritet når det gjeld søknad om Bufdir-midlar.

- Dette er eit fantastisk integreringstiltak som fortener alle den ros og støtte vi kan gje,  fastslo Astrid Drageset Raftevold.

Aktivitetsklubben i Heimskringla stimulerer til samspel med andre barn og unge utan at økonomisk inngangsbillett styrer deltakinga. Tiltaket gjev deltakarane varierte og positive opplevingar, spelar på borna sine ressursar og syter for god integrering både av flyktningar, innvandrarar og personar som slit med funksjonshemmingar. Frå Stryn Frivillegsentral si side vert det lagt vekt på at tilbodet er regelmessig dei fleste laurdagane i året, avbrote av ferie- og høgtidsperiodar.

- Sidan oppstarten i 2014 har det vore i snitt 90 deltakarar, og på det meste 150 på ein laurdag. Tilbodet omfattar born og unge frå 30 land. Mange vaksne stiller opp på frivillig basis, opplyste helse- og sosialsjef Berit Wetlesen.