Eldrerådet i Hornindal fremjar  i vedtak ønskje om at det vert halde  rådgjevande folkerøysting i saka som gjeld framtidig kommuenstruktur.

Formannskapet og kommunestyret i Hornindal skal komande vedteke handsame intensjonsavtale kommunesamanslåing Hornindal og Stryn. Til desse møta ligg det føre tilrådingar frå Eldrerådet, Råd for menneske med nedsett funksjonsevne, Utval for Oppvekst og Helse og Utval for utvikling.

Utval for Oppvekst og Helse og Utval for utvikling fylgjer rådmannen si tilråding, som også er iidentisk med innstilinga som Stryn komunestyre skal handsame torsdag 11. februar. Der heiter det:

1. Framlegget til intensjonsavtale om samanslåing av Hornindal og Stryn kommunar blir godkjent.

2. Det skal i løpet av våren gjennomførast innbyggarundersøking i dei to kommunane der den føreliggande intensjonsavtalen blir vurdert opp mot 0-aternativet (oppretthalding av dagens kommunestruktur).

3. Prosessen mot Ørsta/Volda skal halde fram inntil partane har avklara posisjonane. Slike avklaringar må føreligge i god tid før ei innbyggjarundersøking blir gjennomført slik at også dette kan inngå i undersøkinga dersom eit framforhandla avtaleframlegg føreligg.

Eldrerådet hekta på eit eige punkt der dei målber ønskje om rådgjevande folkerøysting.

Saman med Råd for menneske med nedsett funksjonsevne stiller dei seg bak fylgjande punkt:  "Ved plassering av ulike tenesteytingar blir det viktig å ta omsyn til menneske med nedsett funksjonsevne. Desse vil få ekstra utfordringar med å forflytte seg når tenestene dei ynskjer kontakt med ligg langt unna."