Ordførarane i Volda og Ørsta støttar ordførarkollega Stig Olav Lødemel i Hornindal som seier det vil vere ei katastrofe dersom heile Møre og Romsdal vert lagt til ein ny stor trøndelagsbasert region. Lødemel sa tidlegare denne veka at ein slik regioninndeling vil skape endå skarpare skille enn i dag og gjere det betydeleg vanskelegare med samarbeid over eksisterande fylkesgrense.

– Dei fleste på Sunnmøre ser seg sjølv som vestlendingar og ikkje trønderar. For oss i Volda vert det uhyre problematisk om vi skal havne på grensa mellom to stor-regionar, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam.

– Kan Møre og Romsdal bli delt?

– Ja, vi skal ikkje sjå vekk frå deling av fylket, og då vil nok den naturlege grensa mellom Vestlandet og Trøndelag gå i Romsdalsfjorden, seier Amdam. Han er klar på at bygging av Eiksundsmbandet og Kvivsvegen har skapt ein ny stor-region som må takast omsyn til dersom landet skal delast inn i nye regionar.

Stein Aam, ordførar i Ørsta, er klar på at han er vestlending.

– Eg har ikkje sans for at Møre og Romsdal skal slå seg saman nordover. Heile søre Sunnmøre har ein kultur som passar meir sørover enn nordover. Eg trur heile søre Sunnmøre med sine sju kommunar vil orientere seg sørover.

– Dersom fylket ditt blir delt, kvar vil delinga skje?

– Eg er litt usikker, men kanskje Romsdalsfjorden er naturleg, seier Aam.