Når ein ser Cooptomta i Grodås sentrum midtvinters, er det llite som minner om at dette er den store samlingsplassen på sommarstid. Nytt av året blir fotballgruppa og friidrettsgruppa sitt arrangement 26. og 27. august,  der dei utvidar dansegallaen med tilbod i sentrum på laurdagen.

- Vi ynskjer vi å sette opp eit telt på inntil 12 x 18 meter på den gamle Cooptomta. Lån av arealet er avklart med grunneigar. I teltet  vil det verte levande musikk, skriv Sverre Leivdal i søknaden om ambulerande skjenkeløyve som omfattar Honndalshallen fredag og laurdag klokka 19.30 til 02.30  og sentrumsområdet laurdag 27. august  mellom klokka 11.30 og 18.00.