Det var Jan Træen (Ap) som stilte spørsmålet  då  helse- og sosialutvalet drøfta framlegget til Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016-2020: - Blir Betania einaste alkoholfrie sone?

Mellom politikarane er det ulike oppfatningar om korleis ein skal stake ut kursen vidare. Alle er samde om at barn og unge i størst mogeleg grad må skjermast frå plassar der det blir nytta rusmiddel.  Men når det gjeld praktisk handling, er meiningane delte. Fleire, mellom dei Jan Træen, ønskjer ein meir restriktiv løyvepolitikk m.a. når det gjeld skjenkeløyve i skianlegg. Inge Arne Bøe (H) meiner det ikkje problem slik Stryn Vinterski praktiserer løyvet med skjerma skjenkeareal i andre etasje.

- Vi er veldig opptekne av at det ikkje skal vere promille i samband med t.d. bil og båtkøyring. Men å sleppe rusa folk opp i skibakke der dei kan køyre på born, ser ut til å vere greit. Det er for meg veldig skremmande, uttalte Solveig Nyberg Heggdal (KrF).