Ein nordfjording i 20-åra er dømd til 30 dagar betinga fengsel for kjøp og bruk av 100 gram hasj og marihuana i Stryn og andre stader. Lovbrota skjedde over ein periode på nærare to år i 2013 og 2014.

Då mannen vart pågripen og avhøyrd av politiet for halvtanna år sidan, tilstod han alle forhold og gav politiet opplysningar ut over det dei hadde kjennskap til. Dommen er avgjort i form av såkalla tilståingsdom. Både fordi mannen har innrømt alle forhold, har brote med narkotikamiljøet og fordi saka er blitt gammal utan at dette kan lastast den sikta, konkluderte Fjordane tingrett med ein dom på 30 dagar betinga fengsel. Påtalemakta sitt forslag var 60 dagar betinga fengsel.