Coop-tomta og eventuell riving av Grodåsheimen vert dei største stridstema når reguleringsplanen for Grodås skal godkjennast. Det spår planutvalet i Hornindal.  Måndag hadde kommuneplanleggar Ståle Hatlelid drøftingsmøte med utvalet der han ba om å få politiske innspel.

Lang prosess

– Dette er ein lang prosess. Til no er det kome 16 merknader, og saka skal førebuast på nytt for planutvalet, sa Hatlelid. Grodåsplanen er kompleks, og ei rekkje forhold innanfor plangrensene vart drøfta: Strandpromenaden (gangstien langs vatnet), helikopterlandingsplass, leikeplass, Grodåsheimen, Coop-tomta, Grobygget og «Kåre i Åra-huset» vart mykje kommentert.

- Ikkje realistisk å kjøpe ut sentrum

– Vi kan påvirke og bruke tida. Det er ikkje realistisk å kjøpe ut heile sentrum. Det vi gjer får økonomiske konsekvensar. Når det gjeld strandpromenaden, er ikkje det tiltaket eg har høgast på lista. Når det gjeld Coop-tomta, må vi bruke meir av området til byggjeområdet. Vi kan vanskeleg sitje att med eit grøntområde og ein toalett. Når det gjeld Grodåsheimen, kan vi ikkje dra han inn att i reguleringsplanen, sa ordførar Lødemel.

– Cooptomta mest omstridd

Eldar Engelund (Sp) sa det slik: –Mest omstridd vert nok Coop-tomta og Grodåsheimen. I ei perfekt verd kan vi ha mange visjonar, men vi må bevare føtene i strandsona. Med helikopterlandingsplass nær bankbygget, må vi sløyfe gangvegen.

Engelund viste også til leikeplassen som «ikkje fungerte»:

– Trafikken vil gå gjennom sentrum i mange år. Vi kan ikkje leggje opp til aktivitet for barne og unge på kryss og tvers av E39, sa Engelund. Ståle Hatlelid la ikkje skjul på at Grodåsheimen var eit «viktig signalbygg», men at det stod på pengar og der kunne ikkje sjå ut som eit «skjorareir».

Under føresetnad av at ikkje Riksantikvaren hadde midlar, var også Engelund oppteken av å få denne ut av reguleringsplanen. Randi Langlo (Ap) støtta tanken om å fjerne bygningen. Då kunne ein også sjå området og utnyttingsgraden i samanheng for å kunne fristille meir areal. Utanom vanskelege siktforhold, er det lite som talar for at «Kåre i Åra-huset» i sveitserstil bør fjernast sidan nye E39 neppe kjem gjennom sentrum.