Hornindal formannskap tilrår at intensjonsavtalen om kommunesamanslåing mellom Stryn og Hornindal vert godkjent. Dette under føresetnad av at det vert ført vidare drøftingar omkring eit nøytralt kommunenamn.

Lang diskusjon

Formannskapet  hadde måndag ein lang diskusjon om intensjonsavtalen, særleg knytta til om ein skulle gå for innbyggjarundersøking eller rådgjevande folkerøysting. Formannskapet gjekk som punkt 2 samrøystes inn for at det i løpet av våren skal gjennomførast innbyggjarundersøking der ein tredjedel av dei røysteføre i Hornindal over 16 år skal kunne uttale seg. Vidare ligg det som punkt 3 i vedtaket at prosessen mot Ørsta og/eller Volda skal halde fram inntil partane har avklart sine posisjonar.

- Vi er for små

Ordførar Stig Olav Lødemel (H) la ikkje skjul på at Stryn og Hornindal saman er i minste laget som ein kommune:

- Det er likevel ingen vits i kva vi måtte ønskje om ikkje Ørsta og Volda vil ta oss i mot. Eg er bekymra for at dei to saman kjenner seg store nok. Om dei ikkje vert enige, ser Volda det som naturleg å gå gjennom Kviven. Det er vanskeleg å sjå i kula, men finn Ørsta og Volda kvarandre, er ikkje vi med, og det er beklageleg. Stryn og Hornindal  blir 8.400 menneske, Volda åleine er 9.100. Hornindal evnar ikkje å gjere oppgåvene sine åleine. Når kvalitetskrava auka og vi får fleire eldre, vert det vanskeleg for ei lita kommune å oppretthalde lovpålagde tenester, sa ordføraren. Han meinte det var naturleg å løfte opp alternativet Hornindal, Stryn og Volda om Ørsta skulle kaste korta. Dette sjølv om kommunestyret tidlegare ikkje har bede om utgreiing av dette alternativet.

- Skeptiske til avtalen

Eldar Engelund (Sp) var den i formannskapet som var mest skeptisk til intensjonsavtalen med Stryn. Han var ikkje i tvil om at Stryn kom best ut av intensjonsavtalen, at konklusjonane i avtalen ofte kom før vurderingane og at det var lite av økonomiske forhold lagt inn. Til det siste punktet kommenterte rådmannen at Fellesnemda med dei to kommunestyra som overvakingsorgan ville få ei stor oppgåve i å stake ut kursen frå vedtak om samanslåing og fram til ikrafttreden 1/1-2020.

Eige framlegg som falt

Sp kom med eige framlegg i saka i fire punkt. Framlegget falt med tre mot to røyster før mindretalet var med å drøfte fram det omforeinte framlegget som går til kommunestyret torsdag.

Eldar Engelund og Bente Tryggestad ønskte i utgangspunktet ikkje avtalen vedteken slik den låg føre. Dei meinte forhandlingsnemda måtte arbeide vidare med merknader frå dei tillitsvalde og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Den siste gruppa hadde påpeikt viktigheita av å ta omsyn til menneske med nedsett fuksjonsevne ved plassering av tenesteytingar.

Engelund/Tryggestad ville primært ha eit nytt framlegg til intensjonsavtale opp til politisk handsaming, og at det framleis skulle "jobbast opp mot Volda og andre kommunar inntil desse har avklara posisjonane slik at ein kan gjennomføre rådgjevande folkeavrøysting våren 2016".