Anders Baasmo Chistiansen har fått testa ut isete og glatte vintervegar i Stryn i Børning 2.

Før helga var det innspeling av nokre av bilscenene til filmen fleire stader i Stryn kommune. Strynefjellsvegen er truleg ein av stadane. Etterpå gjekk turen vidare til Ørsta, Volda og Fosnavåg.

Den første Børning-filmen fekk fire prisar under Amandapris-utdelinga. Børning var noko så uvanleg som ein norsk bilfilm, og følgde ferda til Roy (Anders Baasmo Christiansen), dottera Nina og bilen Lillegul i kappløpet om å nå Nordkapp først. Oppfølgaren skal i følge regissør Hallvard Bræin føregå på vinterføre.

– Vi lagar verdas første bilfilm på vinterføre. I seg sjølv er jo det ei kjempeutfordring. Det er isete vegar og spreke fjelloverganger. Det blir drita gøy, seier Bræin i eit intervju med NRK.

Kven som returnerer til girspakane er framleis ukjent, men Baasmo Christiansen skal ifølge IMD gjenta rolla som Roy, skriv Filmweb.

Filmen får premiere på norske kinoar 5. oktober.