Stryn kommunestyre gjekk i dag samrøystes inn for å støtte opp om Hornindal formannskap si tilråding til intensjonsavtale for kommunesamanslåing mellom dei to kommunane.

- Namnet ikkje problem

I formannskapet i Hornindal vart det stilt som viilkår for å godkjenne avtalen at felles kommunenamn måtte drøftast på nytt. Kommunestyret i Stryn såg ikkje problem med dette:

- Skriv vi intensjonsavtale utan namn, er det ikkje problem å ta nettopp namnet opp att før vedtak i juni, sa Flo. Han ba forøvrig innstendig om at ordførar/rådmann måtte få halde fram med den vidare prosessen som var lagt mellom dei to kommunane. Dette etter at Per Kjøllesdal (Sp) hadde spurt om "verdien" av punkt 3 i avtalen som også omhandla at prosessen mot Ørsta/Volda skulle halde fram.

Krevde prøverøysting på Ørsta/Volda

- Namnet kan vi ta seinare. Det er greitt, men eg oppfattar dette som ein intensjonsavtale mellom Hornindal og Stryn. Om vi skal ta ut punkt tre, må vi ha prøverøysting på, sa Kjøllesdal etter gruppemøtet.

Frå motsett hald vart det poengtert kor viktig det var å vere rause mot Hornindal, at ein kunne ha tilnærma likelydande vedtak. Ordførar og rådmann poengterte også kor viktig det var å gje gode signal om regionsbygging.

Samrøystes til slutt

Etter prøverøystinga som synte at seks støtta Kjøllesdal sitt framlegg, trekte han forslaget. Dermed vart det gjort samrøystes vedtak der Stryn kommunestyre godtok punkt 3 om at prosessen mot Ørsta og/eller Volda skulle halde fram inntil partane hadde av klart posisjonane. Det siste trass i at Hornindal torsdag vart sett på som aktuell samarbeidspartnar av Ørsta/Volda, men ikkje Stryn.