Kommunestyret i Stryn utsette i ettermiddag å godkjenne avtaleutkastet med Nordfjord Havn IKS om ansvars- og eigardeling på cruisekaia i Olden.

Framlegg frå Høgre

Det var Aud Løvlid (H) som på vegne av partiet reiste fleirtalsframlegget som til slutt gjekk gjennom med 14 mot 9 røyster. Vedtaket går ut på at administrasjonen skal forhandle vidare med Nordfjord Havn IKS  om kostnadfordelinga i forhold til punkt 11 i avtalen mellom Stryn kommune og Nordfjord Havn. Punkt 11 i avtalen lyder slik:

"I tilfelle av at NH IKS misser nokon av inntektene knytt til cruisehamna og cruisetrafikken i Olden, heilt eller delvis, og uavhengig av grunn, skal NH IKS ha rett til å ta opp forhandlingar om ny kostnadsfordeling etter pkt. 10 framfor".

Lite diskusjon

Dei som hadde venta den store og lange diskusjonen i kommunestyret, tok feil. Frontane var klargjort etter framlegget frå Astrid Drageset Raftevold (Sp) og innlegget frå Richard Grov (H) med påfølgjande framlegg frå Aud Løvlid (H) og framlegg om prøverøysting frå ordførar Sven Flo (H).

Sp (ved Astrid Drageset Raftevold) ba om at punkt 11 vart endra slik: "For at tilfelle av at NH IKS, av grunnar NK IKS ikkje har innverknad på, misser nokon av inntektene knytt til cruisehamna i Olden, skal NH IKS ha rett til  å ta opp forhandlingar om ny kostnadsfordeling etter pkt 10 framfor".

- Vi vil ha avtalen gjennom i dag med desse endringane i punkt 11. Då kan Nordfjord Havn IKS ta dette til etterretning i dag og spare seg 1,5 månad, sa Drageset Raftevold som fekk støtte frå Ap.

- Må vere trygge på investeringar

Richard Grov (H) på den andre sida framheldt  at "skal ein merkevare overleve, er det investeringar som må liggje i botnen. Dersom ein ikkje var sikker på at investeringane kom på plass, burde ein heller ta ein pust i bakken".

Prøverøystinga mellom dei to alternativa synte at Løvlid fekk fleirtal med 15 røyster. Endeleg røysting viste 14-9. Både Per Kjøllesdal (Sp) og Frode Briksdal (H) gjekk ut som ugilde i saka. Kjøllesdal som medlem i styret i Nordfjord Havn IKS og Briksdal som næringsdrivande på kaia. Også Rune Myklebust (Sp) ba om å få vurdert habiliteten. Han vart erklært habil så lenge det ikkje vart røysta spesifikt over Myklebusttomta der broren Gunnar er part.