Hamnedirektør Trond Garshol seier han er overraska over vedtaket i Stryn kommunestyre om å utsetje signering av avtalen mellom Nordfjord Havn IKS og Stryn kommune om kostnadsfordeling/eigarskap på cruisekaia i Olden. Dette etter at dei returnerte ei korrigering av avtaleteksten.

- Saka blir utsett for andre gong. Det kan bety at utviklinga av destinasjonen blir utsett. På den andre sida, blir full reguleringsplan klar i Olden til hausten. Dermed er det ikkje sikkert at det fører til forsinkelsar. Iallefall må avtalen med Stryn kommune vere på plass før tiltak kan setjast i verk, seier Garshol.

- Korleis vil Nordfjord Havn IKS angripe saka?

- Vi skal ha styremøte i dag. Inntil vidare kan eg ikkje kommentere meir, seier Garshol.