Jord, vatn, eld og vind. Dette er tema for UNG 2016 som er ei framsyning med ungdomar i regi av Sogn og Fjordane teater, grunnskulane og Den kulturelle skulesekken.

I Honndalshallen fredag kveld synte elevar frå åttande, niande og tiandeklasse ved Hornindal skule kva dei har skapt av kunst i løpet av ei veke med øving, og som vart presentert i form av ei fenomenal danseframsyning. Alle vart imponerte over det dei unge har fått till. Regissør Nadja Raszewski rosar ungdommane og er imponert over kva energi dei legg i oppgåva.

Les meir og sjå fleire bilde frå framsyninga i tysdagsavisa.

Alle elevane fekk rose for innsatsen. Nærast her er åttandeklassingane Nataniel Heggen og Severin Otterdal Heggen. Foto: Anne-Mari Aalberg