På dagen i dag er det nøyaktig 90 år sidan August Ytre-Eide selde sin første sykkel. Den første kjøparen var Karl Kirkeeide. Ytre-Eide Sport AS feirar i desse dagar jubileet med stor bravur.

Sykkelsalet starta i 1926

Kimen til forretningsverksemda kan førast attende heilt til 1884, men det var i 1926 at August starta opp med syklar i den gamle smia. Etter eit par år flytta han sykkelsalet dit Stryn bokhandel er i dag, og i 1934 vart det bygging av eigne lokale der butikken er i dag.

- Då Fjordingen var innom butikken i går fredag, var det fire tilsette med butikksjef Grete Ytre-Eide i spissen som førebudde det store jubileumssalet. Innehavar Per Ytre-Eide som er i sitt 74. år hadde saman med sonen August teke turen til Manchester for å sjå toppkampen mot leiande Leicester City. Også det eit storhende for den tidlegare storscoraren på Lillestrøm.

- Kampen går søndag så dei er nok snart tilbake, seier Grete blant eit sterkt veksande varesortiment i butikken.

Sykkel, ski, fiskeutstyr og tekstilar

- Kva satsar de sterkast på i dag 90 år etter starten?

- Vi prøvar å følgje utviklinga så godt vi kan. Det er utruleg viktig å oppretthalde og vidareutvikle kompetanse på ulike felt. Ski og utstyr til toppturar er ein spesialitet i tillegg til anna skisutstyr, el-syklar og fulldempa terrengsyklar er i vinden ikkje minst på grunn av dei fine sykkelstiane i Oppstryn. Fiskeutstyr har vi eit godt sortiment på. Det har vi også på sko og tekstilar, fortel Grete.

I 2003 vart dei ein del av Sport 1-kjeden, eit heldig val, seier Grete. Dette ikkje minst fordi dei har stor valfridom når det gjeld å tilpasse butikken med det varesortimentet dei vil ha.

Utanom Grete og faren Per, er det tre tilsette med kvar sitt kompetansefelt. Det er Kristoffer Garlid, Beate Lødemel og Lisbeth Husevåg.