Ei rekkje på tolv blankpussa amerikanarar glei søndag føremiddag ut moloen i Stryn, på veg til Vårmønstringa i Fosnavåg. Dette er den første bilmønstringa på våren, og er ein fast tradisjon for mange amcar-frelste bilfolk. Også frå amcar-klubben i Stryn.

Førstereisgut

Vi fekk ein liten prat med nokre av bileigarane før avreise. På mønstringa blir det delt ut ulike prisar, og klubben i Stryn har håp om å sikre seg nokre av desse.

- Ja, vi har litt forhåpningar til den Chevrolet Impala-en der, seier Per Vidar Roset, og peikar på ein sølvgrå og skinande 1964-modell. Eigaren er Øystein Holmøy. Han er både ny eigar av bilen, ny medlem av klubben og førstereisgut med eigen bil til Vårmønstringa.

- Eg vart visst medlem i går, smiler han.

Øystein Holmøy i hans Chevrolet Impala 1964.

- Ja, det var under forsiktig tvang, skyt Jan Erik Eide frå styret inn.

Holmøy fortel at han har hatt amerikanar før også, men den vart det for mykje jobb med så han selde den billeg.

- Då er det greit med noko som fungerer, seier han, og får kjapt kommentarar at "vi får no sjå at du kjem deg til Fosnavåg først".

Jentebil

Stemninga er utvilsomt god på den flotte vårdagen der stolte bileigarar skal syne fram det dei har skrudd og pussa på gjennom vinteren.

Også jentene er repesentert. Fride Kvamme har skaffa seg draumebilen. Ein Pontiac Skybird 1977-modell.

Fride Kvamme og hennar Pontiac Skybird 1977-modell.

- Det er ein litt original bil som kanskje kan vinne ein pris, seier Roset. I følgje Kvamme sin ektemann, Kenneth Sølvberg, er dette ein bil ho har "sikla" etter lenge.

- Og så er den ein av få som er litt spesielt for jentene med tanke på fargen og mønstra, forklarar han.