På folkemøtet om kommunereform i Vikane var det flest kritiske røyster til kommunesamanslåing som tok ordet. To av desse var Senterparti-kvinnene Astrid Drageset Raftevold og Jofrid Rye Hestenes.

Raftevold meinte at grunnlaget for kommunesamanslåing var for vagt.

– Eg får ei kjensle av at vi skal slå oss ihop berre fordi vi har eitt alternativ som ligg der, sa Raftevold.

– Jørgen Amdam (ordførar Volda, red. anm.) seier at å slå seg saman, men ikkje få tilført nye oppgåver, det vil vere ei svekking av lokaldemokratiet. Kanskje skal vi heller vente på dei arbeidsoppgåvene som krev kommunesamanslåing, sa kommunepolitikaren frå Senterpartiet.

- Svartmåling

Også Jofrid Rye Hestenes uttrykte skepsis for kommunesamanslåing.

– No får eg få dokke to litt ned på jorda, vekk frå denne samanslåingsiveren, innleia Hestenes, med tydeleg adresse til ordførarane Sven Flo og Stig Olav Lødemel. Ho hevda at bildet dei teiknar om kor ille det vil vere å stå åleine, er ei svartmåling.

– I reforma ligg det sentralisering av makt og over tid tenester. Ein treng ikkje vere professor for å forstå det. Det blir ei svekking av lokaldemokratiet med så stor avstand til makta, sa mellom anna Hestenes.

Oppmoda til alternativ utan Volda

Ho meinte også at eit kommunestyre på 37 medlemmer, som føreslege i intensjonsavtalen mellom Stryn-Hornindal-Volda, ville vere endå ein svekkande faktor for lokaldemokratiet. I Stryn er det i dag 25, i Hornindal 17.

– Eg vil oppmode om at vi går for å stå som eigen kommune, eller ilag med Hornindal dersom dei ønskjer det, sa ho.