Olden IL sin eigen Asbjørn Gjerde vart 1. mai tildeltBreimstafett-medaljen. Ei utmerking som heng høgt ifriidrettsmiljøet.

- Ein stafettløpar av rang, heiter det i grunngjevinga.

- Dessverre hadde Olden ingen lag med på Breim iår, men tildelinga av Breimstafett-medaljen til Asbørn gjorde dettelikevel til ein minnerik dag for Olden IL, seier Hans Petter Galtung i friidrettsgruppa i Olden IL.

Den andre oldaren som får medaljen

Medaljen har vore utdeltsidan 1969, og Gjerde er den andre oldaren som får denneutmerkinga. Helge Hafsås mottok Breimstafett-medaljen i 2008.

- Eivelfortent utmerking til ein oldar som har markert seg både somutøvar og som leiar i friidrett. Utan å gå nokon i næringa, vil vipåstå at Asbjørn Gjerde er Olden sin største stafettløpar nokongong, seier Galtung.

Her kan du lese heile grunngjevinga for tildelinga:

Asbjørn Gjerde er ein av pionerane i stafettmiljøet i Sogn og Fjordane. Han har delteke på Breimstafetten i  alt 28 gonger. I perioden frå 1973 til til 2012 har han trufast delteke for heimelaget Olden Idrettslag. Og ikkje berre på Breimstafetten, på Olden sin eigen stafett har han delteke heile 43 ganger og heile 10 ganger på Holmenkollstafetten. Vidare har han i ei årrekke vore deltakar på dei  fleste stafettane i Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Ein stafettløper av rang.

Han deltok også på banestemner med 800 og 1500m som spesialitet og med gode resultat.

Også på det administrative plan har han gjort ein stor innsats både som medlem av hovudstyre og som leiar av friidrettsgruppa i over 10 år. I denne perioden sto friidretten sterkt i Olden med god deltaking både lokalt, på krinsplan og nasjonalt plan.

Asbjørn Gjerde kan ein med trygghet kalle ein FRIIDRETTENS HEIDERSMANN .

-Kristen Kleppe, leiar Breimsbygda Idrettslag