Administrasjonen i Stryn kommune, med rådmann Per Kristian Strorevik i spissen, fekk honnør frå varaordførar Torstein Tvinnereim for sysselsetjingsprosjektet som er etablert i samarbeid med NAV.

- Det er sjeldan vi har prosjekt som det er så enkelt å gå inn for. Her er det gjort mykje for lite pengar. Ein honnør til adminstrasjonen. Det er også positivt at lærlingdelen vert styrka. Den einaste utfordringa vi få er at vi står i fare for å ta vekk stillingar. Det må ikkje skje, sa Tvinnereim i Stryn kommunestyre.

Rådmannen som har initiert prosjektet, orienterte om dette. I alt 60 søkte om sommarjobb for ungdom der 30 har fått jobb. Desse er i alderen 16-23 år. Også i år blir det "grøntprosjekt" for flyktningar der ein dekkjer kostnader gjennom introduksjonsprogrammet. Det er også sysselsetjingsprosjekt for folk som mottek dagpengar eller anna støtte frå NAV, og det er også opna opp for styrking av tenesteområde som slit med bemanninga, såkalla ekstraordinær sysselsetjing.

Ein koordinator er finansiert delvis gjennom NAV, og det er også nødvendig å knyte arbeidsleiar til oppgåver i teknisk sektor.

- Økonomisk sett er sysselsetjingstiltaka gunstige for Stryn kommune. Her kan ein gjere mykje på mange felt, sa rådmannen.

Prosjekta er kanskje dei første i sitt slag i landet og som også kan nyttast som referanseprosjekt. Kommunestyret vedtok etablering  av prosjektet i samarbeid med NAV med verknad frå 1. mai. Prosjektperioden er førebels sett til 12 månader, og den økonomiske ramma er på kr. 310.000.- dekka inn av disposisjonsfond.