Guttorm Sørland, Sigmund Tunold og Jon Vambeset bidreg gjennom frivillig innsats til det gode liv på Vikane omsorgssenter.

– Kjekt og meiningsfullt, svarar dei tre når Fjordingen spør om motivasjonen for å bruke mykje tid på omsorgssenteret i Innvik.

Sigmund Tunold som bur i Olden, har lang fartstid som frivillig hjelpar. Fem dagar i veka køyrer han ut middag til heimebuande i Utvik, Innvik og Olden. På eige initiativ bestemte Sigmund seg for å utvide sine daglege gjeremål.

– Når eg likevel skulle til Innvik for å hente mat, fann eg ut at dette kunne kombinerast med trilleturar for bebuarar som ønskjer å vere utandørs. Dette har vore veldig kjekt, fortel Sigmund og får eit smilande nikk frå Nanfrid Løken.

Sigmund Tunold tek bebuarar med på tur fem dagar i veka. Foto: Harald Vartdal

– Det er fint å kome seg ut på tur, seier Nanfrid.

Jon Vambeset er lett å be når ein skal ha musikk og song på Vikane omsorgssenter. Det vart synleggjort då Grete Hilde let helse- og sosialutvalet få sjå glimt av festar og andre aktivitetar på «heimen», der Jon med gitaren var eit motiv som gjekk igjen.

– Korleis kom du med i det frivillige arbeidet på omsorgssenteret, Jon?

– Det er seks år sidan eg byrja å gå tur med ein bebuar på omsorgssenteret. Vi gjekk då ein fast runde fem-seks dagar i veka.

– No dreiar det mest om song og musikk?

– Ja, som pensjonist har eg god tid. Så når dei spør og det passar, stiller eg gjerne opp. Gamaldansen ein gong i månaden er eit høgdepunkt. Då ser eg på ansikta at musikk og dans betyr mykje, akkurat slik Øystein Ørjasæter fortalde i Fjordingen.

Tre gode hjelparar, Guttorm Sørland, Sigmund Tunold og Jon Vambeset saman med Nanfrid Løken.

Guttorm Sørland såg behovet for ei hjelpande hand då han vitja ei tante som budde på omsorgssenteret til ho vart over hundre år.

– På omsorgssenteret er dei flinke alle i hop. Men eg såg at ressursane er små, og at det kunne vere behov for hjelp. Som pårørande var det naturleg for meg å yte assistanse med inntak av middagsmaten.

– Du stilte opp så godt som dagleg i seks år for å hjelpe tanta di?

– Ja, eg var her når det ikkje stod andre gjeremål på programmet. Og som pensjonist, er tida noko av det ein har mest av.

– Ifølge områdeleiar Grete Hilde melde du deg igjen til teneste etter at tanta di døde. Kvifor?

– Etter åra med tante, hadde eg fått god trening i korleis ein kan hjelpe til med å gje mat. Og no ser eg at dei blir vande med meg. Så då er det kjekt å kunne vere til nytte, smiler den pensjonerte fylkestannlegen.

Meir i papiravisa tysdag.