Søndag kveld fekk teknisk etat melding frå bebuarar i nedre del av Stryneelva om at det var observert oljesøl/diesel i elva. Teknisk tok måndag føremiddag kontakt med E-verkssjef Jan Træen. Teknisk lokaliserte utsleppsstaden same dag til eit rør som gjekk ut i elva mellom brannstasjonen og E-verksbygget. Tiltak vart då sett i verk.

- Alvorleg

- Slike ting er alvorleg. Mengdene har vi ikkje oversyn over. Det treng ikkje vere stort utslepp. Det kan botne i rein tankeløyse, men det er likevel gjort. Vi fann ikkje annan grunn enn å melde dette til politiet, seier Træen. Etter lukta å dømme tyder mykje på at det dreier seg om diesel og som er sleppt ut i ein av slukane mellom e-verksbygget og brannstasjonen.

- La ut lense

- Kva for tiltak vart gjort?

- Brannvernet la ut lense i elva, og Miljøservice har reinska slukane. Desverre er her ikkje oljeutskiljar, og det er det sterke krav om i dag. Nesdsetjing av slik utskiljar vil bli iverksett, seier Træen.

- Det har ikkje nokon samanheng med bilane som tilhøyrer Stryn Energi?

- Vi har både kranbilar og lastebilar der, men all service og vedlikehald på desse bilane vert utført enten på Scania eller Iveco. Det er utelukka at det kjem frå vår garasje, seier Jan Træen.

- Vil videoovervake

- Andre tiltak som vert sett i verk?

- Vi ønskjer å videoovervake området då vi også er plaga med at private fyller opp avfallscontainarane både ved brannstasjonen og bygget her, seier Jan Træen.