Reidunn Olderløkken går i innspel til kommundelplanen inn for at våtmarksområdet på Kjeldeflata vert omgjort til eit fint parkanlegg, ein plass for alle.

- Eg og mange andre tykkjer ikkje dammen på Kjeldeflata, som er verna, ligg på ein eigna plass. Det er til stor sjenanse for dei som bur i underetasjen i burettslaget, gamle, sjuke og funksjonshemma, og også for oss andre som bur i nærleiken. Trea veks nesten heilt inntil husveggane og bebuarane får lite lys, sol, luft og ingen utsikt, og det stinkar kraftig kloakklukt frå vatnet - det kjem vel av at vatnet er inngenstengt utan sirkulasjon, påpeikar Reidunn Olderløkken.

Vedlagt innspelet er ei teikning som viser korleis ein ved å fylle igjen Kjeldevatnet kan få til parkanlegg som ligg i passe avstand frå Stryn sentrum.

- Eg har laga ei skisse ut frå min ide, men det kan lagast på mange måtar, presiserer forslagsstillaren.