Stryn- oppmann Johnny Hove reknar med jamne og spennande kvalik-kampar om retten til å spele i 2. divisjon neste sesong.

- Gloppen blir ein tøff mostandar, slår Hove fast.

I kveld reiser Stryn til Sandane for å spele første kampen. Søndag er det returoppgjer i Strynehallen.

- Kva veit du om Gloppen sin styrke, oppmann Johnny Hove?

- Ikkje så veldig mykje. Vi spelte ein jamn treningskamp i fjor haust. Gloppen er alltid ein hard motstandar for Stryn. Så dette blir spennande.

- Stryn stiller fullt mannskap?

- Ja, heile stallen er tilgengeleg med unntak av langtidsskadde Kristian Rønnestad (har spelt 4 av 22 seriekampar).

- I følgje det som blir uttalt til Firda Tidend, legg Gloppen favorittstempelet på Stryn utifrå at nedrykk er verre enn opprykk?

-He-he. Dette er nok berre eit forsøk på å leggje mesteparten av presset på våre spelarar, seier Johnny Hove - som oppmodar handballinteresserte stryningar om å støtte laget i kveldens bortekamp og det avgjerande oppgjeret i Strynehallen søndag.