Spenninga stig i spørsmålet om kommunesamanslåing. Samtidig aukar alvoret, dess nærare vi kjem datoen for endeleg avgjerd. Då prosessen starta for to år sidan, var det kapt noko tema å tenkje samanslåing over fylkesgrensa. Dei mest reelle alternativa fram til dei vart forkasta i fjor haust, handla om ulike konstellasjonar iNordfjord.

Noko av det første ordføraren i Hornindal gjorde etter valet i fjor, var å reise til Volda og Ørsta for å snakke med naboane. Nabopraten utvikla seg til samtalar mellom fire kommunar og etter kvart intensjonsavtale mellom Stryn, Hornindal og Volda.

I folkemøtet i Innvik førre veke sa strynerådmann Per Kristian Storevik at Stryn og Hornindal er god match. Kommunane passar godt saman, ikkje minst fordi dei har jobba tett saman i mange år og har hatt og har mange etablerte samarbeidsordningar. Det gjeld både innafor det offentlege, innan privat næringsliv og innan kultur og organisasjonsliv.

Storevik seier han er meir spent på «blind-daten» med Volda. Rådmannen har rett i at Stryn og Hornindal passar godt saman. Det meiner nok folk flest i begge kommunane. Men i Hornindal er det og mange som ønskjer samanslåing med Volda. Truleg ein større andel enn i Stryn. Utfordringa for Stryn kan dermed bli at kommunen må velje Volda, om enn noko motvillig, dersom ein ønskjer å vere i same kommune som Hornindal i framtida.

I Hornindal kommunestyre har det lenge vore klare og tverrpolitiske signal om at Stryn og Hornindal vert for lite. Før innbyggjarundersøkinga er gjort, tippar vi honndøler flest vil gå for trioen Stryn, Hornindal og Volda. I ein situasjon der Stryn skulle velje å seie nei til Volda, kan Hornindal ende opp med ja. Ikkje minst for å skape ein motvekt til storkommunen som kjem rundt Førde, vil samanslåing mellom Stryn, Hornindal og Volda vere offensivt. Stryn bør ikkje stille seg i ein situasjon der kommunen risikerer å stå åleine. Stryn og Hornindal høyrer saman. Men ikkje berre dei to.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør