Statens vegvesen har no utarbeidd fleire delrapportar/temarapportar i den reviderte tilleggsutgreiinga til konseptvalutgreiinga dei fekk i oppdrag å gjennomføre av departementet. Oppdraget som vart gjeve i juni fjor kom i stand  for å finne løysingar for ein eventuell heilårsveg til Geiranger.

Av temarapportane kan nemnast trafikkutvikling, geologi, landskapsbilete, verneområde og plassering av tunnelmasse m.m.

Onsdag orienterte Nils Magne Slindre i Statens vegvesen region vest om status i arbeidet. Dette skjedde på Grotli for ordfølrarar og andre på begge sider av fjellet. Orenteringa var stort sett den same som vart servert i Stryn i februar.

Svein Sunde i Gode Vegar opplyser at det kome lite nytt fram bortsett frå dei omtalte delrapportane. Direktoratet har ennå ikkje uttalt seg om mulegheitene for kryssig i tunnel som er eitt av alternativa for å få ein arm til Opplendskedal.

Statens vegvesen er no i ferd med å avslutte arbeidet sitt. Regionvegsjefane skal koplast inn, og det vert lagt opp til arbeid med korrigering av vegvesenet sine forslag til løysingar i samråd med vegdirektoratet i andre halvdel av mai. Gjennomgang med vegdirektøren  skal skje i månadsskiftet mai/juni, og oversendinga til Samferdsledepartementet skjer i juni.

Stortingsmeldinga, som skal vere grunnlaget for Nasjonal Transportplan 2018-2029 skal leverast i mars 2017 med endeleg handsaming i Stortinget før dei tek ferie neste år.