Innvik kraftverk fekk i 2015 eit negativt driftsresultat på 167.000 kroner. Styreleiar Jan Træen har betre tider i sikte.

– Innføringa av grøne sertifikat tok til å gjelde frå 7. mars 2016. Det betyr at vi kan budsjettere med prisauke på 15 øre per kilowattime, seier Træen.

– Kva summar snakkar vi om når det gjeld forventa overskot?

– I 2016-budsjettet som er på totalt 15 millionar kroner, ligg det inne inntektsvekst på 6,6 millionar kroner. Som overskot etter skatt, er det budsjettert med 3 millionar, opplyser styreleiaren i Innvik kraftverk, selskapet der Stryn Energi AS sit med 59,2 prosent av aksjekapitalen.

Innvik kraftverk produserte i 2015 47 GWh. Det tilsvarar straumforbruket til 2.350 norske husstandar.

– I fjor på desse tider var det snakk om å redusere maskineriet i Innvik kraftstasjon frå 15 til 10 megawatt for å unngå grunnrenteskatt på 32 prosent. Korleis står denne saka?

– NVE har i innstilling til OED gått imot ei slik løysing, der produksjonen til Innvik kraftverk vert redusert med 7 GWh. Slik det ser ut no, får vi ikkje redusert maskinkapasiteten, sluttar Jan Træen.