Når Hopland Kraft kjem på nettet til hausten, vil Stryn kommune langt på veg vere sjølvforsynt med elektrisk kraft.

I 2015 var samla forbruk av elektrisk kraft i Stryn kommune 118,7 GWh. Total produksjon frå kraftverk i kommunen utgjorde 92,1 GWh. Det betyr at ein med oppstart av Hopland Kraft, der ein forventar årproduksjon på 22 GWh, vil ha tilnærma sjølvforsyning av rein og fornybar energi.