Stryn vinterski satsar offensivt på å utvikle fasilitetane rundt Stryn Vinterski og Turløyper Stryn. Bygging av stolheis til rundt 30 mill. kroner er blant tiltaka.

Grundig prosjekt

Det var eit godt underbygt forprosjekt med framtidsvisjonar Ingvill Flo i PwC presenterte på vegne av Stryn vinterski i Stryn kommunestyre før helga.

– Har vi råd til å la vere å utvikle fasilitetane våre? spurde Flo innleiingsvis. Svaret gav seg i grunnen sjølv. Det dreier seg om utvikling av Stryn som bu- og hyttekommune, utvikling av Stryn som turist- og arrangementskommune, samt stimulere til vekst i lokalt næringsliv. Alt dette vil gje auka kommunale inntekter og gjennom det betre kommunale tenester.

Utfyller kvarandre

– Vi har eit anna stort prosjekt som heiter Hoven Loen. Desse prosjekta heng saman. Tilboda vil utfylle kvarandre og gje distriktet vårt enorm tyngde i nærings- og reiselivssamanheng, sa Ingvil Flo.

Stolheis til 30 mill.

Bygging av ein stolheis langs noverande hovudtrase frå Stryn vinterski er sjølve grunnsteinen i prosjektet i Stryn. Basert på tilbod frå Skiheisservice i april, er det sett opp eit investeringsbudsjett og plan for finansiering. Tilbodet på sjølve stolheisen er på 18 millionar kroner. Med tilliggande investeringar kjem prosjektet opp i ein kostnad på rundt 30 millionar kroner.

I ein foreløpig finansieringsplan er Stryn kommune som største bidragsytar, sett opp med 12. mill. kroner av potten. Det andre fell på banklån og bidrag frå lokalt næringsliv og innbyggjarar i Stryn, samt hytteigarar i Stryn. Av dei som har gått i bresejen er hytteutbyggar Otto Vik som er villeg til å gå inn med 4 millionar kroner.

Går i takt

- Når det gjeld organiseringa, er denne basert på «samarbeid mellom aktørar som går i takt». Dette skal gje synergiar. Tanken er å byggje ein organisasjon som koordinerer drift, marknadsføring og aktivitetsbasert forretningsutvikling.

Ingvill Flo opplyste at «Stryn Stol AS» vert etablert som selskap og investerer i stolheis. Denne vert i sin tur leigd ut til Stryn Vinterski. I forprosjektet er det også utarbeidd driftsbudsjett for «Stolheis AS» og for Stryn Vinterski AS.

Vidare er det i forprosjektet kome opp planar om investering i klatrepark samt etablering av eit selskap som skal utvikle overnattingstilbod rundt Stryn Vinterski. Stryn Vinterski AS skal mellom anna vere eit foretak basert på nullprofitt som er i posisjon til å søkje tippemidlar.

2017/2018?

Ingvill Flo seier til Fjordingen at det frå Stryn vinterski si side er sterkt ønskjeleg å starte utbygging av stolheis som første tiltak allereie neste år, men at dette er avhengig av arbeidet med finansiering og handsaming i Stryn kommune, bank, hyttelag og lokale bedrifter.

– Vi har skissert tiltak i 2017-2018 som skal munne ut i realisering av framtidsdraumen. I dette ligg bygging av stolheis med botn- og toppstasjon, bygging av varmestove i Steindalen, utvikling av ein familietrase, utbetring av eksisterande trasear og tilrettelegging for vasstilføring som aukar kapasitet til snøproduksjon. Målet er også å utvikle trasear for sykkel og vandring. Vidare å utvikle overnattingstilbod i området rundt Stryn Vinterski gjennom eige selskap samt utvikle ein aktivitetspark gjennom eige selskap, eit opplegg mynta på familiar og som kan differensiere i ferdigheitsnivå.

2,2 millardar kroner i hytteinvesteringar

I forprosjektet er også samfunnsnytten av Stryn vinterski sett opp mot dei enorme investeringane i fritidsbustader i området mellom Bøanedsetra og Ullsheim.

I området er det totalt regulert for bygging av 861 hytter. I nærområdet rundt Stryn skisenter er det frå 2005-2015 bygt ut 202 hytter. Det vil seie investeringar på nærare 1 millard kroner.

Med estimert utbygging i perioden 2016-2035 på 361 hytter, betyr det investeringar på 1,4 millardar. Ein reknar her 30 nye hytter på Ullsheim, 291 nye hytter i felta i Tonning, Vik, Tverrfjellet og Vinsrygg og 40 hytter i Bø. Gjennomsnittleg totalt i felta 18 hytter per år. Totale investeringar er estimert til ca. 2,2 millardar kroner i perioden 2005-2035.

I forprosjektet ligg også andre interessante verdiar basert på erfaringstal frå utbygginga av Hydla og Bøanedsætra Hyttegrend som understrekar ringverknadene av hyttebygginga til entreprenørar, handels- og servicenæringa.