Hornindal sokneråd søkjer kommunen om 190.000 kroner til å dekke ekstrautgifter til reparasjon av kyrkjeorgelet.

Det kjem fram i ein søknad om støtte sendt til Hornindal kommune.Då soknerådet sette i gang med reparasjon av kyrkjeorgelet i 2013, trudde ein kostnadane ville bli maksimum 50.000 kroner. Det viste seg etter kvart at det var adskillelege feil ved orgelet, og hadde stort behov for rensing. Prislappen for alle reparasjonane ligg no på eit tilbod om 243.00 kroner. – Vi treng økonomisk hjelp til å fullføre reparasjonane. Etter at soknerådet har gjort diverse oppgraderingar ved kyrkja, bårehus og kyrkjegard, er fonda våre byrja å minke faretruande, skriv kyrkjeverje Anne L. Honningsvåg, soknerådsleiar Christine H. Haugen og fellesrådsleiar Elsa Ommedal i brevet.