I helga vil Stryn fotball motta synleg bevis på at dei tek trafikktryggleik på alvor.

Fleire klubbar i fylket vart tidlegare i vår utfordra av fotballkrinsen om å ta del i eit sertifiseringsopplegg rundt trafikktryggleik. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Trafikktryggingsutvalet i fylkeskommunen, Trygg Trafikk og Sogn og Fjordane fotballkrins.

Stryn var snare med å gripe utfordringa.

– Vi tenkjer det er viktig å ta samfunnsansvar, seier styremedlem Evy M. Rossetvik og dagleg leiar i klubben, John Os.

Som fotballklubb er dei stadig ute på vegane, anten i privatbilar eller i idrettslaget sine eigne bussar. Svein Arne «Poppe» Gotteberg er ein av dei som er hyppigast nytta som sjåfør på dei større bussane, og han er oppteken av at dei som køyrer har retningslinjer som blir etterlevd.

– Eg gir alltid beskjed om at bilbelta i bussen blir brukt, og ingen får lov å trakke rundt i bussen når vi køyrer, nemner han som eksempel. Gotteberg fortel også at dei no gjennomfører sjåførkurs i klubben.

Spenner vidt

Rossetvik og Os fortel at sertifiseringa knyter seg til konkrete handlingsplanar, og utfordringa no ligg i å få dette ut til medlemmane og etablere retningslinjer og haldningar i det daglege klubbarbeidet.

– Vi har fått laga ein brosjyre som skal ut til medlemmane. Her har vi fått med nokre A-lagsspelarar, og det trur vi kan ha ringverknader nedover. Det forpliktar også spelarane, det å vere avbilda i ei slik brosjyre, seier Rossetvik.

Utover brosjyra og handlingsplanar er det også utarbeidd beredskapsplan ved eventuelle ulukker og krisesituasjonar. Informasjon skal også formidlast på ulike møter.

– Kanskje skal vi lage til nokre større møter der vi dreg inn politi og har fokus på bilbeltebruk, hjelmbruk ved sykling og bruk av refleks, seier Rossetvik, og understrekar at handlingsplanen også omfattar sykling til og frå trening og kampar, og tiltak på parkeringsarealet.

– Prosjektet handlar også om generell oppførsel når vi er ute og representerer klubben. Dette er eigentleg fair play, seier Os.

Stryn fotball vil motta sertifiseringa som Trafikksikker klubb under ei samling på Fosshaugane Campus denne helga.