Fylkeskommunen og skikrinsen skipar 9. juni til anleggskonfersanse med fokus på skianlegg. Målgruppa er m.a. kommunar, anleggseigarar, idrettsråd og idrettslag.

«Korleis få til meir heilårsaktivitet, fleirbruk og brukarbetaling i anlegga» er eitt av mange tema under konferansen på Skei. Innleiar om dette er Marit Gjerland, anleggsrådgjevar i Norges Skiforbund. Andre tema er m.a. drifting og utvikling av anlegg for snøproduksjon, løypepreparering og kravsspesifikasjon for langrennsanlegg, kreative anlegg for skileik og langresscross, rekrutteringsanlegg for hopp og tilrettelegging for personar med nedsett rørsleevne. I paneldebatten blir følgjande tema tekne opp:

- Vert Sogn og Fjordane i liten grad marknadsført som reiselivsprodukt vinterstid?

- Kan ein få til felles heiskortsystem frå 2018?

- Korleis kan alpinanlegga samarbeide og få til ei fornuftig utvikling?

I panelet sit Marit Gjerland, Norges Skiforbund, Ståle Brandshaug, Visit Sognefjord AS, Helene Maristuen, HISF, Stein Bjørhovde, Harpefossen skisenter, Erling Bjørnetun, Luster kommune og Pål Fidjestøl frå Sparebankstiftinga.