Leiinga og medlemmene i Olden Småbåtlag  har sett seg lei på at områda mellom nausta vert nytta til å «gjere frå seg».  I innspel til reguleringsplan vert det stilt krav om  etablering av heilårsope offentleg toalett på Oldenleirane.

- Det er både plagsamt og uhaldbart at turistar og andre besøkande grisar til aerala mellom nausta våre, seier  Arvid Pedersen til Fjordingen.

- Er dette eit stort problem?

- Ja. For å unngå å trakke i skiten, må ein sjå nøye etter før ein set ned føtene.  Slik kan vi ikkje ha det, understrekar Arvid Pedersen.