Nomek i Stryn knyter til seg fleire og fleire nøgde kundar i heile landet. På motorfestivalen komandelaurdag skal dei stille ut ein asfaltbil og ein krokbil dei har bygt opp.

- Fleire på ulike stand

– I tillegg vil 3-5 bilar som vi har levert i løpet av året bli stilt ut på andre stand. Dermed vert det eit mangfald representert av det vi kan levere, seier leiar for sal og marknad, Øyvind Hopland.

– Kva har gjort Nomek til ein så stor aktør med påbygg?

– Renovering av septikpåbygg var av kriteriane for å starte opp Nomek i 1998, då saman med deler til bussproduksjonen på Vest. I 2004 vart første eigne septik/slamsugar utvikla og levert, og i 2006 vart første mobile avvatnar levert. Frå 2012 kom første krokbil på marknaden, og sidan har det gått slag i slag.

Hopland fortel at dei hittil har utført ca. 40 renoveringar/chassisbytte. Vidare har dei levert omlag 70 eigenutvikla miljøpåbygg, samt 20 krokpåbygg, trekkvogner og andre spesialpåbygg.

- Fullt trykk

- Korleis er ordresituasjonen?

- Vi har har fult trykk til sommarferien med levering, og august er fullbooka. Reknar også med eit trykk etter motorfestivalen og transportmessa på Lillestrøm i juni, samt transport og anleggsmessa i Bergen i august.

- Kven er kundane?

- Nomek har siste åra levert bilar frå Kirkenes i nord til Kristiansand i sør, men dei fleste kundane har vi på Vestlandet.

Hopland legg ikkje skjul på at maskinparken saman med dyktige konstruktørar og operatørar kan lage det meste og er viktige for suksessen.

- Ingen andre påbyggarar i Norge har tilsvarande utstyrspark.

Halve årsomsetnaden

- Kor stor del av omsetninga kan knytast til påbygg?

- Omsetningmessig ligg vi på mellom 35 og 40 millionar kroner på lastebilpåbygg, som utgjør omtrent halvparten av årsomsetnaden til Nomek.

- Kva vert Nomek sin rolle under transportmessa på Lillestrøm?

- Vi er utstillar der for første gong så dette blir ei ny erfaring. Vi har heilt sikker mykje å lære uansett kor godt førebudde vi er. Vi ønsker å formidle det vi kan få til i Stryn, og håpar vi kan trekkje ein del kundar til oss. Kundar som er villege til å leggje litt meir verdi i påbygget, istadenfor å leggje turen til Danmark.

- Nye ting på gang?

-  Vi har mange spennande løysinger i lag med kunder på gang, men det er litt for tidlig å presentere dei her no, seier Øyvind Hopland.