Gunnar Myklebust føreslår at gangvegen mellom cruiseterminalen og Oldenleirane vert bygt ved hjelp av pæling, litt i avstand frå noverande veg/trafikk.

– Dette kan bli eit fint smykke for bygda. Om ein reiser litt, ser ein at strandpromenadar og gangvegar langs sjø/hav er dei mest besøkte og mest populære områda, hevdar Gunnar Myklebust i innspel til reguleringsplan Olden.

Kommunedelplanen som no vert teken ned på detaljnivå, legg opp til at det skal byggjast 525 meter gangveg frå cruisekaia til Oldenleirane. Gunnar Myklebust meiner frykta for gangavstanden er overdriven.

– Situasjonen blir mindre stressande. Ein bør ikkje jage turistar på samleband rundt i bygdene. Dei må få nyte litt natur og friskluft. Det trur eg alle tener på i det lange løp, skriv Gunnar Myklebust. Som også har tankar om bruken av område på Oldenleirane.

– Det bør leggast til rette for sjøbasert aktivitet/turisme på kommune sitt område sør for Myklebusttotma, eventuelt område Nordfjord Havn ikkje har behov for, meiner Gunnar Myklebust.