Torsdag kom børsmeldinga om at Ekornes ASA legg ned fabrikken sin på Hareid for å samle dagens to Stressless-sofafabrikkar i Sykkylven. Meldinga fekk nok mange og i Hornindal til å skvette, ettersom Ekornes Grodås leverer trekomponentar til fabrikkane både i Sykkylven og på Hareid. Ekornes Grodås tel om lag 75 årsverk og er den desidert største private arbeidsplassen i kommunen.

Ekornes har investert stort ved fabrikken på Grodås gjennom mange år og har dermed vist vilje til satsing og utvikling. Samtidig har Ekornes-leiinga, både dagens og tidlegare leiarar, vore tydelege på at den svært dårlege fylkesveg 60 har vore ei stor utfordring for fabrikken.

All produksjon frå Grodås vert transportert på lastebil til dei andre Ekornes-fabrikkane. Med nedlegginga av fabrikken på Hareid vil all transport frå Grodås no gå til Sykkylven. Det betyr at fv 60 vert eit endå større hinder for Ekornes.

Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes seier til Fjordingen at Ekornes Grodås skal halde fram som før, men med den skilnaden at all transport no vil gå til Sykkylven. Han er klar på at han ikkje vil koble ein samanheng mellom arbeidsplassane på Grodås og ny fylkesveg 60. Men han er og veldig klar i oppmodinga si til politikarane om å utbetre vegen.

Det politiske forsøket på å gjere fylkesvegen om til riksveg, mislukkast i Sogn og Fjordane fylkesting nyleg. Med prioritet etter kystvegen som og er fylkesveg, ser det dermed svart ut.

Bodskapen frå konsernsjefen i Ekornes bør likevel vere ein alvorleg vekkjar for politikarane som i si tid nedprioriterte fv 60. Ekornes sin eksistens i Hornindal er avgjerande viktig både for kommunen og regionen. Det minste politikarane kan og bør gjere er å ta ansvar for at Ekornes som alle andre kan transportere varene sine på ein veg med akseptabel standard.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør