Eit flott haleheng av utkledde born og vaksne dansa seg gjennom strynegatene bak den rosa Moods-traktoren laurdag ettermiddag. Også i år arrangerte Moods of Norway karneval som avslutning på Flo Aktivitetsveke.

Her var det minions, bananer, hekser, klovnar, politi, apakattar, sjørøvarar, Ninjago og mykje meir å sjå for alle som hadde stilt seg opp for å få med seg det fargerike følget frå Strynehallen til Per Bolstad plass. Der venta det aktivitetar, sukkerspinn og premieutdeling.

Her kan du sjå glimt frå karnevalsopptoget.