Etter planen skulle Bluegrass-gruppa Strengeplukk og felegnukk halde konsert i Sagedammen på Ulvedal søndag ettermiddag. Vêret ville det ikkje slik, men i reservearenaen Fjellvarden fekk dei frammøtte til gjengjeld ein forrykande intimkonsert.

Felespelaren Nikolai Storevik frå Stryn, med fortid i Fjelljom, var såleis på heimebane då han trakka på scena med Jakob Folke Ossum, Andreas Barsnes Onarheim, Thorbjørn Bilstad Olsen og Lasse Gjestrud.

Herleg vekselspel

Og publikum var med på notane frå første gnukk. Jubelen stod i taket låt etter låt, for her var det fem karar som veksla mellom å briljere med ferdigheiter på kvar sitt instrument, og samstundes varta opp med glitrande samspel og fleirstemt song. Det var moro å sjå korleis låtane var bygd opp slik at alle fem fekk fokus på sitt instrument i låtane. Med ein mikrofon midt på scena veksla dei mellom å trykke til i lag eller la ein og ein få skine.

Stort spenn

Sjølv om dei kallar seg eit bluegrass-band var det stort spenn i kvar låtane hadde røtene frå. Vi fekk både sjølvlaga materiale og tradisjonslåtar servert, og ei rekkje land som Skottland, Irland, Sverige og Amerika var utgangspunkt for desse.

Oppsummert var det ikkje fullt hus, men til gjengjeld stormande jubel i Fjellvarden denne søndags ettermiddagen.