Hornindal har så smått starta oppløpet i kommunesamanslåingthrilleren. Det store spørsmålet er kor vidt dei velger å gå i partnarskap med Stryn eller Volda.

Det heile blir avgjort i kommunestyre førstkomande torsdag, men allereie i dag kom dei første politiske signala då utvala for Oppvekst og helse, samt Utvikling tok stilling til framtidig kommunestruktur.

Kvart av utvala har sju medlemmer og såleis har 14 av 17 kommunestyrerepresentantar fått ytra sitt syn. Utan å konkludere for mykje, når både formannskapsmøte og kommunestyre gjenstår, tyder likevel mykje på eit fleirtal for Volda-alternativet.

Etter inngåande diskusjonar i begge utval, der både helse-, oppvekst-, næring- og samarbeidsspørsmål generelt vart grundig debattert, vart utfallet som følgjer:

Utval for utvikling: 4 for Volda, 3 for samanslåing med Stryn.

I utvalsmøtet stilte Edvin Haugen, leiar, (H), Connie Steffenakk Bakke (Ap), Marte Utvær (Sp), Tom Øyvind Solheim, vara for Anne Raftevold (H), Ralf Bjarne Taraldset, vara for nestleiar Brynhild L. Notøy (V), Rune Haugen (Sp) og Bjørn Gunnar Navelsaker (Ap).

Utvær, Taraldset og Rune Haugen stemte for Stryn-alternativet.

Utval for oppvekst og helse: 5 for Volda, 2 for samanslåing Stryn.

I utvalsmøtet stilte leiar Anders Hjellbakk (Sp), Per Maurset (Ap), Thore Heggen (H), Wenche Elvegård (H), Ola Hove (Sp), Nina B. Lødøen Øen (V), Silvia Prøven Tangen (Sp).

Hjellbakk og Prøven Tangen stemte for Stryn-alternativet.

Fokus på skule og helse

Mykje av diskusjonen rundt bordet i begge utvalsmøta handla om skule og helse. Tilhengarane av Volda-alternativet ser det som ein stor fordel å få utvida skulekrinsen til Austefjorden, og på den måten auke sjansen for å vidareføre ein 10-delt skule i Hornindal. Særleg er frykta for å miste ungdomstrinna stor.

- Om få år får vi kortare veg til Stryn og då trur eg at vi kan seie ha det bra til ungdomsskule i Hornindal. Avstanden til Volda blir derimot som den er, same kor mange tunnelar ein bygger, sa mellom anna Connie S. Bakke (Ap).

- Eg tenkjer det er viktig med nærleik til basisfunksjonane som skule og helse. Der kjem vi best ut av det med Volda, var Edvin Haugen sin konklusjon.

- Vi kan ikkje lene oss tilbake

Innan næringsspørsmål vart det diskutert kven av dei to kommunane som kunne ha mest å tilføre Hornindal.

- Korleis skal vi blomstre best muleg? Det er gjennom arbeidsplassar, så vil det andre kome som følge av det. Og kven kan hjelpe oss best der? Kreativ utvikling av næringslivet, og som jobbar natt og dag for å finne spenstige arbeidsplassar? Jau, det er Stryn. Dei er rå på etablering av nye arbeidsplassar og satsar tungt på turisme. Kanskje er det det vi i distrikta skal satse mest på i åra framover, sa utvalsleiar Anders Hjellbakk.

Venstre sin representant i Oppvekst og helseutvalet, Nina B. Lødøen Øen hadde eit anna syn på saka.

- Vi kan ikkje lene oss tilbake uansett kven vi velger. Ikkje stryningar eller voldingar som vil skape her. Det må vi gjere sjølve. Næringslivet lev sitt eige liv, hevda Lødøen Øen.

- Vi vil uansett bli ei grend

Også sjukehus var eit sentralt tema i møtene.

- Vi skal overleve i begge leirar, men tilgang på spesialisthelseteneste med sine akuttfunksjonar er viktig, uttalte Høgre sin Thore Heggen, som meinte at å velge Volda var viktig for å utfordre føretaks- og regionsgrensene. Han hadde også tru på å velge det spenstige framfor det tilsynelatande trygge.

- Mange meiner å velje Stryn er trygt. Eg syntes ikkje det er trygt å basere seg på å gå same vegen ein har gått. Vi vil bli ei grend i Stryn, sa Heggen, og viste til uheldig utvikling innan til dømes næringslivet i Vikane og at Hornindal fort kan ende opp på same vis.

- Er det betre å bli grend i Volda? spurte Silvia Prøven Tangen (Sp), og stilte spørsmålet om kvifor dei to kommunane eigentleg kjempar om Hornindal.

- Jau, for å sleppe å bli tvangssamanslegne med nokon større og bli trua på kommunesenter. Vi blir ei grend. Men eg vil vere grend i den kommunen eg føler meg mest velkomen i, og der eg føler meg mest heime i høve identitet, avslutta Sp-politikaren.