Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), ønskjer å vere klar på ein ting dagen før kommunepolitikarane i Hornindal skal ta det mykje omtala retningsvalet Stryn eller Volda.

- Visst dei lever i den trua at vi vil hekte oss på nordover så tek dei feil. Innbyggjarane i Stryn har sagt sitt og det er ingen intensjonar om å gå i den retninga, seier han. Uttalelsen kjem i etterkant av formannskapsmøtet, der fleire medlemmar gav uttrykk for tru og håp om at Stryn vil kome etter til Volda.

- Står støtt åleine

Han har heller ingen planar om å orientere seg andre stader, om Hornindal no velger Volda -i alle fall ikkje i umiddelbar framtid.

- Stryn står støtt åleine. Vi er sterke og robuste på mange felt, seier Flo.

- Men trur du det er realistisk at Stryn får vere eigen kommune?

- Ja, vi kan absolutt stå åleine og det er ingenting som tilseier noko anna, seier han, men fortel at det allereie i dag har vore møte mellom Stryn og Fylkesmannen.

- Vi vil diskutere vegen vidare. Fylkesmannen vil nok ha ein diskusjon på kva vi gjere i Nordfjord, seier Flo, og forventer at Eid truleg blir tema i dei diskusjonane men at det ikkje er eit alternativ som er vurdert enno.

- Er usikker på bakkekontakten til honndalspolitikarane

Stryneordføraren stiller også spørsmål ved bakkekontakta til ein del av kommunepolitikarane i Hornindal.

- Eg ser dei vil utfordre fylkesgrensa. Eg trur ikkje Hornindal er den tunge aktøren her. Det vil vere fylka sjølve. Ein har også store etatar som politi, helse, Statens vegvesen og Kystverk som har grenser mellom fylka. Eg trur nok dei vil bli lytta meir til enn Hornindal, seier Flo.

- Eg er litt usikker på om politikarane har heilt bakkekontakt, legg han til.

Garantist

Men dagen før dagen; kvifor skal Hornindal heller velje Stryn meiner du?

- Vi kan vere garantist for vekst og utvikling i Hornindal og dra dei opp i ein positiv posisjon, seier ordførar Flo.

Men velger dei Volda blir det ingen kald skulder av den grunn.

- Vi ønskjer ein god tone og godt samarbeid, men det må ikkje feste seg ei oppfatning av at vi kjem etter, avsluttar Flo.