Medan norske jordbærbønder fortvilar over at utbrot av gråskimmelsopp øydelegg avlingane, kan det ta opp mot fem år før nye plantevernmiddel kan bli godkjent av Mattilsynet.

Fleire stader har ein sett at det har blitt ymta om at soppen har utvikla resistens mot plantevernmiddel, noko som er ein av grunnane til at bruk av dei fleste soppmiddel berre blir tillate to gonger per sesong, skriv Nationen.

Organisasjonen Norsk Landbruksrådgivning meiner ein bør vurdera å godkjenna nokre av dei gamle plantevernmidla, som opphavleg blei trekte frå marknaden på 90-talet på grunn av biverknader, sidan mange av desse no er godkjende både i naboland og i EU.

I eit møte måndag mellom Landbruksdepartementet, Norges Bondelag og Agderbær opna statssekretær Terje Halland (Frp) for at landbruksstyresmaktene kan gje dispensasjon for bruk av slike gamle middel.

Tor Erik Jørgensen i Mattilsynet stadfestar overfor Nationen onsdag at tilsynet har fått inn ein søknad om godkjenning av stoffet folpet, eit søsterstoff til middelet captan, som blei forbode for mange år sidan, men seier det kan ta minst eitt år og maksimalt fem år før søknaden blir behandla.

– Vi gjer ei generell vurdering av helsefarane som måtte hefta ved eit plantevernmiddel. Det er ei ganske omfattande vurdering som blir gjort på grunnlag av rettleiingssdokument frå EU, opplyser Jørgensen. (©NPK)