Med veromslag og litt meir sommar gjekk trafikken opp Via Ferrata same veg: Opp.

- Vi har hatt jamn trafikk i heile år og har ligge litt under fjorårstala. Men då godveret kom, vart det brått auka trafikk. No ligg trafikken litt over fjorårstala, seier Erik Brendefur, dagleg leiar i Loen Active.

- Onsdag var toppdagen til no, med om lag 200 personar opp Via Ferrata. 80 av dei gjekk med guide, 90 leigde utstyr og så er det alltid nokon som går med eige utstyr. Også torsdag var god, med om lag 150 personar totalt.  Også for helga ser det bra ut, seier ein godt nøgd Brendefur.

- Korleis fungerer det med så mange opp Via Ferrata samtidig?

- Det går bra så lenge vi får spreidd trafikken litt. Onsdag var det rundt 100 personar i lang rekkje opp fjellet. 13 førarar var i sving samtidig. Dei sprang opp og ned og hjalp til, så det gjekk fint.

- Er det noko makstal for kor mange som kan gå Via Ferrata samtidig?

- Vi har eit maksimaltal på 120 med guide kvar dag. Til no har vi ikkje vore der.

- Og kva er rekord-dagen totalt?

- Det var ein fin september-dag i fjor med 240 personar totalt opp Via Ferrata, seier Brendefur.