– Det er vanskeleg å gjette på nokotal, men eg trur det var nærare tusen enn fem hundre personar påSkåla onsdag.

Det seier Johanne Heggheim fråLoen. Ho gjekk på fjelltoppen saman med søstera Ingrid. Dei gjekklitt utpå dagen, då folk var begynt å gå ned att. Dei er heiltimponerte over kor mange dei møtte.

– Vi gjekk og smilte heilevegen opp, for det var jo så mange å helse på! seier Heggheim.

– Vistoppa og prata med mange, og vi konkluderte med at vi er noeigentleg heilt galne heile gjengen, ler ho.

Sveitte, blide ogfornøgde slit både gamle, unge, hundar og menneske seg opp og neddei 1848 høgdemeterane. Til alle døgnets tider.

– Det er nok eindel folk som har lege på vent og håpa på at det skulle kome einslik fin dag, seier Heggheim.

- Kjekt med mykje folk i fjellet

Aud Vollset Torheim og Jarle Torheimfrå Nordfjordeid var to av dei som hadde venta på ein godvêrsdag. Då den kom tok dei turen til Loen for å gå påSkåla.

– Vi har venta lenge på ein finevêrsdagslik at vi kunne ta oss ein tur, fortel Torheim.

Og det var deiikkje aleine om. Allereie då dei starta frå parkeringsplassen ihalv-ni-tida var det ein god del folk på veg opp, fortel Aud.

– Ogoppe var der også ein del folk, seier ho, men då vi snudde for å gåned att var det heilt utruleg kor mykje folk som kom! Vi møttealtså folk heile tida. Det var som å gå i 17. mai tog! ler ho.

– Dusåg rekkja med folk heile vegen nedover, same kvar du var, leggJarle til.

– Eg er heilt imponert, seier Aud.

Dei understrekar atdet ikkje er noko problem med mykje folk i fjellet.

– Det er berrekjekt, seier dei.

– Det er ein fantastisk tur, så det er kjekt atså mange får oppleve det, avsluttar dei.

"Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves": Aud Vollset Torheim og Jarle Torheim frå Nordfjordeid har venta på ein finvêrsdag slik at dei kunne få ein flott tur på Skåla. Det fekk dei verkeleg. Foto: Ingrid Kvåle Faleide
Det var overfyllt på parkeringsplassen på Tyva onsdag. Der stod bilar parkerte både lenger oppe og lenger nede i dalen også. Foto: Ingrid Kvåle Faleide