- For meg strekkjer Markane seg frå Kjøs og heilt inn til Kandal, sa Andreas Solvik innleiingsvis under folkemøtet på Ullsheim i går. Han og Per Ove Kjøs var initiativtakarane til folkemøtet på Ullsheim torsdag kveld, der dei kom med forslag til ny grense mellom det som kan bli nye Hornindal og Volda kommune, og Stryn kommune. Formålet med møtet var å starte prosessen for å samle Markane til ei bygd innanfor Stryn kommune.

60-70 personar var møtt fram, og folk frå alle delar av Markane var representert. Det var også frammøtte som ikkje direkte er berørt av spørsmålet om ny grensejustering. Fleire av dei frammøtte ytra sitt syn på grensejustering. Nokre var for ny grense, andre var motstandarar av å flytte delar av dagens Hornindal kommune til Stryn.

Solvik la fram fleire døme der Markane allereie er delt mellom to kommunar. - Vedlikehald av veg, skogbruk og jordbruk, skytebane, skule og 17. maifeiring er døme som i dag deler Markane mellom kommunane Stryn og Hornindal, sa Solvik. - Om kommunestyrevedtaket i Hornindal blir ståande, då blir det ikkje to kommunar vi må forhalde oss til, men to fylke.

Ordførar Sven Flo var til stades på møtet og snakka om prosessen rundt ei eventuell grensejustering mellom Stryn og Hornindal kommunar. Han var klar på at initiativet må kome frå bygdefolket sjølv, og at begge kommunane må involverast på eit seinare tidspunkt i prosessen. Avhengig av storleik er det fylkesmannen eller departementet som tek endeleg avgjerd i grensejusteringssaker.