Skiskyttaren Vegard Skrede frå Randabygda imponerte då elevar ved Stryn vidaregåande skule gjennomførte den årlege 3.000 meter testen ved Hornindal idrettspark førre veke.

2. klasse-eleven sprang inn til tida 9.29, som etter lærarane sin hugs mest truleg er den andre eller tredje beste tida gjort av ein elev ved skulen. Noko som lovar bra i inngangen til sesongoppkøyringa.

3.000-meter testen har vore ein fast post på programmet for idrettsfagelevar sidan byrjinga av 90-talet. No er idrettsfag vekk, men kring 60 elevar i 1.-3. klasse studiespeialiserande har valfag toppidrett.

På testen førre onsdag var det rett nok ein som var så vidt raskare enn Skrede. Johan Eirik Meland spurtslo Skrede med eit par sekund. Men det er tre år sidan 22 år gamle Meland sjølv var elev ved skulen. Han var også nøgd med løpet, som var pers med 7-8 sekund.