Hornindal og Volda vart offisielt gratulert med kommunesamanslåinga torsdag føremiddag. Det var fylkesmennene i dei to fylka som hadde invitert til markeringa i Austefjorden skule.

- Vi vil stå bak og støtte dette heilhjarta. Vi får seie som i bryllaup; til lukke med dagen og framtida, helsa mellom anna assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Gunnar O. Hæreid.

Saman med blomar og kake vanka det også ein sjekk på ein million kroner frå Fylkesmann Lodve Solholm til dei to kommunane.

- Det vil også kome ein million neste år, kunne Hæreid opplyse. Vidare ordning kunne han derimot ikkje love i møtet. Pengestøtta kjem i tillegg til statlege midlar.