Kombinertløparen Eskil Kveen (16) frå Stryn flytta denne sommaren til Lillehammer for å halde fram satsinga ved Norges Toppidrettsgymnas.

Då elevane i 1.-3. klasse kombinert gjennomførte ein test med hopp og påfølgjande terrengløp, synte Kveen at han ikkje har lege på latsida denne sommaren.

- Vi var delt i to grupper, dei som hoppa K120 og vi som hoppa K90. Eg vann rennet og løpet i mi gruppe, fortel han.

Kveen kan elles melde om stor overgang i treningsarbeidet etter oppstart i Lillehammer.

- Det er mykje meir trening. Betre opplegg, meir organisert og får mykje meir oppfølging av trenarar. Det er som oftast to økter for dag. Ei hoppøkt og ei rulleskiøkt. Ofte også ei økt i Håkonshall på kveldstid der vi køyrer styrke og bevegelighet, fortel kombinerttalentet.

Han har trua på framgang når sesongen startar.

- Eg føler formen er på veg opp, og gler med vidare til vinteren. No satsar eg så hardt som eg aldri før har gjort, seier 16-åringen.