Mange har ivra i fleire ti-år for å ruste opp fv 60 mellom Tomasgard og Røyrhus bru. Problemet er berre at dei som sit med nøkkelen til løysing, fylkestinget i Sogn og Fjordane, dumpa prosjektet ned til marginallista etter at det i mange år har stått på andre plass etter fv 60 Olden-Innvik.

I mars i år fekk Hornindal kommune grønt lys frå samferdsleutvalet og seinare fylkestinget til å forskottere to millionar kroner til fullføring av reguleringsplan for strekninga. Men med den ordlyd at forskotteringa ikkje vert tilbakebetalt dersom prosjektet ikkje er starta opp innan 2026.

Med den dårlege plasseringa prosjektet har blant dei mange viktige vegprosjekt i Sogn og Fjordane, kunne det fort blitt eit scenario. No har både Volda-ordførar Jørgen Amdam og fylkesordførar Jon Aasen teke til orde for at Møre og Romsdal kan og bør overta prosjektet dersom Hornindal vert del av Møre og Romsdal.

Korleis regionkartet vil sjå ut, veit ingen enno. Men lite tyder på at regiongrensa vil gå gjennom Kviven, slik han gjer i dag. Difor er fylkesordføraren si positive haldning til å overta fv 60-prosjektet godt nytt for alle som brukar vegen. Ikkje minst Ekornes, som er avhengig av vegen til transport av trekomponentar frå fabrikken på Grodås til hovudfabrikken i Sykkylven.

Samfunnskostnaden med fv 60 er stor. Årleg skjer det kollisjonar og utforkøyringar på strekninga. I dagens avis fortel produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad i Ekornes om transportskader på grunn av dårleg vegstandard. Han ønskjer opprusting velkomen. Samla slitasjekostnad på alle køyretøy som går langs vegen år etter år, er det ingen som veit. Men det er enkelt å anta at den er stor.

Signala om overtaking av fv 60 skaper ny tru i ei til no tapt sak. Denne saka må det jobbast vidare med på tvers av både dagens og morgondagens grenser. Alle er tente med raskast mogleg standardheving på fv 60.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør