Dagleg leiar i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, meiner at Justin Bieber sitt besøk i Stryn og på Hjelle gjer ein stolte, og stadfestar på sett og vis at det blir jobba riktig i marknadsføringa av området.

- Det viser at vi brukar media riktig. Ut frå det eg har skjønt har han her peika på eit bilde og sagt at det er ein plass han vil besøke, seier Lindvik. Ho meiner også at opplevinga han fekk i Stryn oppfylte det ein lovar i marknadsføringa.

- Her fekk han vere i fred og ro, og vi leverte på det vi seier at vi skal levere, seier ho.

Effekten meiner Lindvik er stor men gjerne kortvarig.

- Det har sjølvsagt ein enorm effekt ved at det blir delt over heile verda. Både gjennom media og at han sjølv deler. Dette har også vist kva stor effekt sosiale medier har, seier Lindvik, og syner til den raske vegen frå at ein kamerat av Bieber delte hans bilde, og til media var på plass på Hjelle.

- Men mest er dette positiv merksemd for oss. Det er ei nyheit som kjem og går. Dette er ikkje noko vi kan bruke så mykje vidare. Å bruke han vidare i marknadsføring skal ein vere veldig forsiktig med, seier ho, og peikar på faren for søksmål om ein trør feil på dette området.