Statens vegvesen satsar til dels store summar gjennom prosjektet Nasjonale Turistvegar. I alt 18 vegstrekningar frå Varanger i nord til Jæren i sør høyrer med blant dei nasjonale turistvegane. Blant desse 18 finn vi Gamle Strynefjellsveg, Sognefjellet, Gaularfjellet, Geiranger-Trollstigen, Valdresflye og Atlanterhavsvegen, for å nemne nokre.

Eitt av måla med dei nasjonale turistvegane er å gje trafikantane noko ekstra, både i form av naturopplevingar og historiske opplevingar. Gamle Strynefjellsveg gir denne kombinasjonen og vil i løpet av eit år eller to gje endå meir.

Over nyttår lyser vegvesenet eit spennande prosjekt ut på anbod. Då vert entreprenørar inviterte til å byggje eit spektakulært utkikspunkt ved den gamle Jøl bru på rv 15 Strynefjellsvegen. Jøl bru vart bygd i 1882 og 1883 og er ei åtte meter høg steinhvelvbru som kryssar det trange og bratte jelet over elva Skjerdingsdøla.

I dag går rv 15 på ny bru utanom gamlebrua. Dei aller fleste trafikantar køyrer i dag rett forbi den gamle brua, utan å registrere at dei passerer eit klenodium som er både historie og vegbyggjekunst på same tid.

Prosjektet går ut på å byggje ei halvsirkelforma stålbru som møter dagens bru. Dermed vert den gamle og den nye brua ein sirkel, der publikum får førsteklasses utsikt eller innsikt til det gamle byggverket og ned i det nær 70 meter djupe jelet.

Den gamle Jøl bru var eit viktig prosjekt på første delen av den gamle Strynefjellsvegen, og har dermed stor historisk verdi. Med eige utkikspunket får vegfarande sjansen til beinstrekk og veghistorie samtidig. Satsinga vegvesenet gjer, er dermed eit godt bidrag til å skape innhald i bilturen, utover å kome seg raskast mogleg fram.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør