Kveldane er for lengst blitt lange og mørke. Frå og med søndag kveld kjem mørkret endå tidlegare på, når sommartida er slutt og klokka skal justerast ein time.

I tysdagsavisa hadde vi reportasje frå Hjelle skule i Eid, der Trygg Trafikk var på plass for å snakke med elevane om refleksbruk. Der fekk elevane sjå og høyre at ein bilist som køyrer i 50 km/t har to sekund på seg til å sjå og svinge unna ein person som går i mørkret utan refleks. Har fotgjengaren refleks, auar tida sjåføren har til ti sekund. Det kan vere skilnaden mellom liv og død.

Sanninga er at det slett ikkje er sikkert at bilisten har to sekund på seg, heller. For kjem det trafikk i mot slik at bilisten som nærmar seg ein mørkkledd fotgjengar vert blenda, er det særs vanskeleg å sjå personen. Det veit alle som har køyrd bil i mørkret.

Born og unge som ikkje køyrer bil, tenkjer ikkje alltid over kor vanskeleg det er for ein bilførar å oppdage dei. Det som er endå meir skremmande, er at mange vaksne ser ut til å gløyme det same når dei sjølv er fotgjengarar.

Påbod av refleks har vore tema frå tid til annan. I mange tilfelle ville påbod hindra påkøyrsler med skade og død som følgje. Så lenge det er påbod om bruk av bilbelte og frå i sommar også i mange type båtar, kunne det og vore påbod om bruk av refleks.

Konfeksjonsbransjen er utfordra på å vere med å løyse problemet. Blant anna har Moods of Norway fått forskingsmidlar for å finne tekstilfibre som integrerer refleks i moteklede. Både konfeksjons- og skobransjen har dei siste åra blitt betydeleg flinkare til å bruke refleks på sports- og fritidsklede. Den utviklinga bør halde fram. Ein tekstilbransje som tek ansvar viser dermed direkte omsorg for kundane sin tryggleik i kvardagen. Vert refleks ein naturleg del av klesplagg, er heller ikkje påbod nødvendig.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør