Onsdag kveld sjekka fire personar av utanlandsk opphav inn på Knausen Hyttegrend i Hornindal. Då dei forlet hytta torsdag morgon, hadde dei også pakka med seg i bilen ein kostbar søyleovn som stod i hytta.

- Då eg oppdaga at ovnen var borte, ringte eg nummeret dei hadde teke kontakt frå tidlegare. Dei ville ikkje tilstå noko på telefonen, så eg varsla politiet i Stryn, fortel eigar av Knausen Hyttegrend, Atle Tomasgard.

Det tok ikkje veldig mange timane før søyleovnen dukka opp, men då i Førde.

- Etter at vi fekk melding om dette tjuveriet frå Hornindal, kom det inn ei anna melding om muleg nasking i ein butikk i Sunnfjord. Bilen vart stoppa og i den forbindelse vart denne søyleovnen funnen i bilen og slik vart dei to sakene knytt saman, forklarar Vegard Dale ved Stryn lensmannskontor.

- Eg vil gi politiet ein verbal blomst for innsatsen, seier Tomasgard.